Source string

5/100
Key Norwegian Nynorsk State
Last ned elementary OS
<a href="/" target="_blank" rel="noopener">Last ned elementary OS frå heimesida vår</a>, om du ikkje allereie har gjort det. Du treng ein kopi av ISO-fila på ein minnepenn når du følger instruksjonane nedanfor.
Anbefalte systemspesifikasjonar
Sjølv om me ikkje har strenge minstekrav for systemspesifikasjonar, så anbefalar me dei følgjande spesifikasjonane for den beste opplevinga:
Nyleg Intel i3-prosessor eller samanliknbar tokjerna 64-bit prosessor
4 GB med systemminne (RAM)
SSD med minst 15 GB ledig plass
Tilgong til internett
Skjermoppløysning på 1024x768
Du treng òg ein minnepenn (USB) med minst 2 GB ledig plass for installasjonen.
Ta tryggleikskopi av filene dine
Hugs å ta ein tryggleikskopi av filene dine. Du kan lasta dei ned til ein minnepenn eller harddisk, eller bruka ei nettsky-teneste. Når du installerar eit nytt operativsystem kan det fjerna filene som du allereie har på maskina.
Velg ditt noverande operativsystem
Velg operativsystemet du brukar no for å sjå tilrettelagde instruksjonar.
Windows
macOS
Ubuntu
Lag ein installasjonsdisk
Du treng ein minnepenn (USB) med minst 2 GB ledig plass, og programmet Rufus.
Last ned Rufus
Rufus - velg ISO
Opna Rufus
Plugg inn minnepennen din og velg den frå &quot;Enheit&quot;-lista
Velg &quot;Disk or ISO image&quot; i &quot;Boot selection&quot; -lista
Klikk på &quot;SELECT&quot; for å velga ISO-fila som du lasta ned tidlegare.
Me genererar eit kontrolltal for alle nedlastningar av elementary OS, slik at du kan kvalitetssjekka ISO-fila. Denne sikrar at du har lasta ned den fulle versjonen, og at den ikkje inneheld skadeleg programvare. Klikk
checksum ikon
ved sida av &quot;SELECT&quot; og sjå til at teksten ved sida av &quot;SHA256&quot; stemmer overens med den følgjande talrekka:
Om talrekka stemmar trykkar du på &quot;START&quot;, og ventar på at prosessen blir ferdig.
Oppstart frå installasjonsdisken
For å starta denne installasjonsprosessen, må du starta datamaskina frå installasjonsdisken.

Loading…

macOS
macOS
10 months ago
Browse all component changes

Glossary

English Norwegian Nynorsk
No related strings found in the glossary.

Source information

String age
a year ago
Source string age
a year ago
Translation file
_lang/nn/docs/installation.json, string 17