Source string

511/4110
Key Norwegian Nynorsk State
Du kan søka etter appar ved å skriva inn namn eller nøkkelord, og fleire appar lar deg utføra handlingar direkte frå appmenyen. Du kan òg søka etter handlingar frå Systeminstillingar. Nokon av handlingane som du vil finna er:
Slå av og restart
Skriv melding
Nytt privat nettlesarvindauge
Matteoppgåver (f.eks. 23 * 5)
For å opna Appmenyen med tastaturet, trykkar du<kbd>⌘</kbd>+<kbd>Mellomrom</kbd>.
Til høgre på panelet finn du fleire ikon som blir kalla indikatorar. Desse visar deg informasjon om maskina di som f.eks. tilkopla nettverk, batteri, lyd og varslingar. Når du trykkar på ein indikator får du opp meir informasjon og handlingar som kan gjerast.
Eit trykk med midtknappen, eller eit tre-finger-trykk med peikeflata, på ein indikator vil la deg gjera følgande raske handlingar:
Lyd: Velga om du vil gjera lydutgangen stum
Bluetooth: Skru Bluetooth av og på
Straum: Gøyma/visa kor mykje prosent det er igjen på batteriet
Varslingar: Skru av og på Ikkje forstyrr-modus
Økt: Visa skru av-menyen
Dokken
På botnen av skrivebordet finn du Dokken. Den inneheld alle dine favorittappar og alle andre appar du har ope.
Innhaldet på dokken kan du enkelt endra på. For å legga til ein app i dokken kan du anten dra og sleppa ikonet frå Appmenyen, eller høgreklikka på eit ikon i dokken og klikka Beheld i dokken. For å fjerna ein app frå dokken, drar du ikonet vekk og slepp det ein plass på skrivebordet ditt, eller høgreklikkar på ikonet og fjernar markeringa på Beheld i dokken. Om du ynskjer å flytta på rekkefølgja med appar, er det einaste du treng å gjera å dra og flytta dei med peikeflata.
Dokken gøymer seg automatisk frå botnen av skrivebordet når ein app blir vist i fullskjerm. Flytt pila til botnen av skrivebordet for å få fram igjen dokken.
Du kan endra på korleis dokken oppførar seg ved å gå til Systeminstillingar→Skrivebord→Dokken.
Appvindauge
Alle appar har sine eigne vindauge som du anten kan lukka, gjera større eller flytta rundt på skjermen din.
Når du opnar ein app vil eit nytt vindauge dukka opp på skjermen. Kvar app har normalt sett tre felt: vindaugsknappane, ei verktøylinja, og sjølve innhaldet i appen.
Toppfelt
Mange appar nyttar eit toppfelt øverst i appen. Dette feltet inneheld vanlege handlingar som du kan gjera i appen, i tillegg til vindaugsknappane.
Du kan flytta eit appvindauge rundt på skrivebordet ved å trykka ein plass på toppfeltet og dra vindauget.
Toppfelt
Vindaugsknappar

Loading…

The contents of the dock are easily customizable. To add an app to the dock, drag and drop it from the Applications Menu or right-click an open app's icon and choose Keep in Dock. To remove an app from the dock, drag it off and drop it in an empty space on your desktop or right-click the icon and uncheck Keep in Dock. To rearrange apps on the dock, simply drag and drop them.
Innhaldet på dokken kan du enkelt endra på. For å legga til ein app i dokken kan du anten dra og sleppa ikonet frå Appmenyen, eller høgreklikka på eit ikon i dokken og klikka Beheld i dokken. For å fjerna ein app frå dokken, drar du ikonet vekk og slepp det ein plass på skrivebordet ditt, eller høgreklikkar på ikonet og fjernar markeringa på Beheld i dokken. Om du ynskjer å flytta på rekkefølgja med appar, er det einaste du treng å gjera å dra og flytta dei med peikeflata.
9 months ago
Browse all component changes

Glossary

English Norwegian Nynorsk
No related strings found in the glossary.

Source information

String age
11 months ago
Source string age
11 months ago
Translation file
_lang/nn/docs/learning-the-basics.json, string 27