Source string

9/170
Key Norwegian Nynorsk State
Lær det grunnleggande
Som med alle andre operativsystem vil det alltid vera enkelte ting som du ikkje er kjent. Denne delen vil visa deg korleis du utfører enkle daglegdagse oppgåver som å surfa på nettet og høyra på musikk, i tillegg til anna nyttig informasjon som du kanskje ikkje kjenner til.
Skrivebordet
Skrivebordet på elementary OS er enkelt og lett å læra. Skrivebordet består av to element: panelet og dokken. Du kan endra bakgrunnen på skrivebordet ditt ved å gå til Systeminstillingar→Skrivebord→Bakgrunn.
Panelet
På toppen av skrivebordet finn du panelet. Til venstre er Appmenyen, i midten er dato og tid, og til høgre er indikatorane.
Appmenyen
Tid og dato
Indikatorar
Appmeny
Til venstre på panelet finn du appmenyen. Når du trykkar på Applikasjonar opnar menyen med alle dine installerte appar. Ved å trykka på sideknappane nederst, eller ved å bruka peikeflata, kan du sjå fleire sider med appar. Om du trykkar visningsendraren oppe til venstre kan du bytta mellom visning i rutenett og i kategoriar.
Du kan søka etter appar ved å skriva inn namn eller nøkkelord, og fleire appar lar deg utføra handlingar direkte frå appmenyen. Du kan òg søka etter handlingar frå Systeminstillingar. Nokon av handlingane som du vil finna er:
Slå av og restart
Skriv melding
Nytt privat nettlesarvindauge
Matteoppgåver (f.eks. 23 * 5)
For å opna Appmenyen med tastaturet, trykkar du<kbd>⌘</kbd>+<kbd>Mellomrom</kbd>.
Til høgre på panelet finn du fleire ikon som blir kalla indikatorar. Desse visar deg informasjon om maskina di som f.eks. tilkopla nettverk, batteri, lyd og varslingar. Når du trykkar på ein indikator får du opp meir informasjon og handlingar som kan gjerast.
Eit trykk med midtknappen, eller eit tre-finger-trykk med peikeflata, på ein indikator vil la deg gjera følgande raske handlingar:
Lyd: Velga om du vil gjera lydutgangen stum
Bluetooth: Skru Bluetooth av og på
Straum: Gøyma/visa kor mykje prosent det er igjen på batteriet

Loading…

Applications menu
Appmenyen
10 months ago
Browse all component changes

Glossary

English Norwegian Nynorsk
No related strings found in the glossary.

Source information

String age
a year ago
Source string age
a year ago
Translation file
_lang/nn/docs/learning-the-basics.json, string 7