Source string

10/100
Key Norwegian Nynorsk State
Personvern
Den personlege informasjen din er kun din eigen. Me samlar ikkje inn den personlege informasjonen din, og sel den heller ikkje vidare til annonsørar. Me får inntekta vår frå det brukarane våre ynskjer å betala for elementary OS, og appane i AppCenter. Og det er slik det skal vera.
elementary OS
Me samlar ikkje inn noko personleg informasjon frå elementary OS. Filene dine, instillingane dine, og all anna personleg informasjon blir kun lagra på maskina di, dersom du ikkje aktivt delar denne informasjonen med ein tredjepart.
Nettkontoar
Enkelte gongar integrerar elementary OS dine nettkontoar mot tenester som Google, Last.fm og Fastmail gjennom Systeminstillingar. Informasjonen frå desse tenestene kan bli lagra lokalt på en maskina di, og brukt i appar som E-post og Kalender. Informasjonen blir ikkje sendt til elementary, eller delt med nokon tredjepartar.
Kva informasjon som blir lagra
Når du legg til nettkontoar vil elementary OS henta inn og lagra namnet, e-postadresse, avatar, e-postmeldingar, hendingar i kalender, kontaktar, bilete og filer frå kontoane som du har kopla til. Dette blir kun lagra lokalt på maskina di.
Korleis informasjonen blir brukt
Informasjonen din er lagra lokalt på maskina di, og blir aldri sent til elementary sine serverar eller andre tredjepartar. Informasjonen blir nytta i appar som E-post, Kalender, Filer og Bilete.
Deling av informasjon
elementary OS delar ikkje informasjonen din som me hentar ut frå nettkontoane dine. Informasjonen blir aldri sendt til elementary eller andre tredjepartar.
elementary.io
Me brukar Plausible Analytics, som er open kjeldekode, gjennom <code>stats.elementary.io</code>-domenet for å telja vitjande, nedlastningar osv. Du kan sjå denne informasjonen på <a target="_blank" rel="noopener" href="https://plausible.io/elementary.io">den opne oversikta</a>. Me brukar ikkje infokapslar for dette, og me lagrar ingen sensitiv informasjon. Hverken IP-adresser eller kva type nettlesar du brukar, blir lagra. For meir informasjon om dette kan du sjå <a class="read-more" target="_blank" rel="noopener" href="https://plausible.io/data-policy">Plausible sine retningslinjer for datainnhenting</a>
Informasjonskapslar
<strong>Du kan deaktivera eller enkeltvis skru av informasjonskapslar i instillingane i nettlesaren din.</strong>

Loading…

Privacy
Personvern
7 months ago
New contributor 7 months ago
Browse all component changes

Glossary

English Norwegian Nynorsk
No related strings found in the glossary.

Source information

String age
2 years ago
Source string age
2 years ago
Translation file
_lang/nn/privacy.json, string 1